SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Geirr Tveitt (1908-1981)

Geirr Tveitt
Teikning av Andreas Vartdal

Kona mi kallar meg Tverr Geitt!” fortalde Geirr Tveitt under eit intervju i Drammens tidende i 1968 (Storaas 1990 s. 13). Eit retteleg godt anagram som nok har i seg ei stor grad av sanning, for han vert karakterisert som sjølvstendig og individualistisk, kompromisslaus og sjølvrådig. Det er vel nett desse eigenskapane som gjorde han til den store komponisten han var, men om eigne komposisjonar og merittar snakka han ikkje stort, han meinte at ”om dei duger noko, så vil ettertidi syrgja for det”. Han var aldri sjølvhevdande og sjølvgod, snarare audmjuk og blyg når det var snakk om eigen kunst (Storaas 1990).

Geirr Tveitt var ein svært allsidig komponist med uvanleg stor arbeidskapasitet. Produksjonen hans var truleg på nærare 300 opus, og famna over ballettar og orkesterverk så vel som kammermusikk og songar. Han hadde til dømes ein enorm produksjon for klaver, mellom anna skal han ha skrive 36 klaversonatar, og noko så uvanleg som to konsertar for hardingfele og orkester finn ein òg på opuslista.

Han var ein mann med mange påhitt og eksentriske idéar. Til dømes var han ikkje nøgd med døypenamnet Nils Tveit, og i 1935 fekk han endra førenamn til Geirr. Geirr med to r’ar er den norrøne namneforma av Geir, og likna på Greip, ein gamal form av gardsnamnet Tveit. Etternamnet vart endra til Tveitt med to t’ar i 1941; han tykte Geirr Tveitt både klang og såg betre ut enn Geirr Tveit. Han laga jamvel sitt eige språk og praktiserte ein periode si eiga tidsrekning: e.V.f.s – ”etter Vinlands fyrstu sjá” – i år 1000 e. Kr.

Tekstansvarlig: Anne Merete Hegrenes, Musikkavdelingen

©Bergen off. bibliotek

 

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt