SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Geirr Tveitt (1908-1981)

Oppvekst

Geirr Tveitt vart i fødd i Bergen 19. oktober 1908 som den eldste av tre sysken. Sjølv tykte Geirr at fødestaden gjorde seg dårleg på papiret, og han feilinformerte stadig om kvar han kom til verda. Framleis kan ein lese at Geirr Tveitt var fødd i Kvam, i Norheimsund eller andre stader i Hardanger, men han var fødd og trødde sine fyrste barnesko på Nordnes i Bergen.

Familien budde på Nordnes til Geirr var fire år. Deretter var dei eit år i Lofthus i Hardanger, før vegen gjekk austover då faren byrja som styrar på Danvik kristelege ungdomsskule i Drammen. Etter ni år i Drammen, fekk faren seg lærarjobb i Kvam, og dei flytte heim til Hardanger. Geirr var då ferdig med folkeskulen, og dei to neste åra førebudde han seg til gymnaset.

Geirr Tveitt hadde rike musikalske anar både på mors- og farssida, og det hadde vore mykje musikk i heimen til familien Tveit. Det vart tidleg oppdaga at Geirr hadde musikalske evner. Han hadde ei nydeleg songstemme som born, og allereie som 11-åring kosta foreldra på han den fyrste pianospeletimen.

I 1924, då Geirr var 15 år gamal, tok han til på Voss Landsgymnas som skulens yngste elev. Han hadde særs kunstnariske evner, var flink i teikning, arkitektur og måling, og både han og faren såg føre seg at han skulle studere arkitektur. Han fekk inga grunnutdanning i musikk, men på gymnaset spelte han i elevorkester, prøvde ut ulike instrument og fekk erfaring med orkestrering, notasjon og transkripsjon. Han byrja så smått å komponere, og lysta til å studere musikk auka.

Medan han gjekk på gymnaset, sette han tone til eit Vinje-dikt og sende komposisjonen til sjølvaste Christian Sinding. Svarbrevet vart avgjerande, Sinding rådde den unge kunstnaren til å fortsetje å komponere. Det vart bestemt at han skulle reise til Leipzig for å studere musikk slik til dømes Grieg og Nordraak hadde gjort før han.

Geirr Tveitt
Fotograf/rettigheter: Vikøyr/Kvam herad

 

Studiar utanlands

Han byrja ved musikkonservatoriet i Leipzig i september 1928. Der studerte han komposisjon under Hermann Grabner og Leopold Wenninger, og klaver med Otto Weinreich i fire år. I denne perioden debuterte han som komponist og pianist. Debuten som pianist kom allereie i 1930 då han spelte saman med Leipzig symfoniorkester, og i 1931 fekk han Klaverkonsert i f-moll framført av det same orkesteret med Herman Bilinski som solist på klaveret. Det første opuset, komponert 1 1928, var 12 tvorøystes fyristudiar i lydisk, dorisk og frygisk, og dette fekk han gjeve ut på Breitkopf & Härtel i 1930.

Våren 1932 drog han til Paris for å få nye impulsar, og fekk der kyndig rettleiing av mellom anna Arthur Honegger og Heitor Villa-Lobos. Medan han i Leipzig ikkje hadde hatt nokre språklege vanskar, var dette verre når han kom til Paris. Det franske språket, både det daglege og det faglege, vart ei utfordring. Dette løyste Tveitt ved å gå på kino, han kjøpte ein billett for heile dagen og såg same filmen om og om igjen. Men opphaldet i Paris vart vanskeleg for Tveitt på fleire måtar, og tappa for krefter og pengar måtte det eit kortare rekonvalesensopphald til før han kunne forsetje studia. Hausten same året reiste han vidare til Wien, og studerte der eit år hos Joseph Marx og Egon Wellesz, to markant ulike læremeistrar.

Under opphalda i Paris og Wien utvikla han seg vidare som komponist, og mogna både teknisk og kunstnarisk. Medan undervisninga i Leipzig hadde vore streng og gjeve han grunnleggjande orkestral innsikt, hadde opphalda i Paris og Wien mykje å seie for utviklinga av satshandsaminga, instrumentasjonen og klangkombinasjonen.

Til Oslo

Etter eit utanlandsopphald på nærare fem år, kom han attende til Noreg i 1933. Pengelens som han var, budde han ei stund på familien si hytte i Hardanger før han busette seg i Oslo. I hovudstaden livnærte han seg av å gje undervisning i musikkteori og klaverspel. Ein av teorielevane var pianistinna Ingebjørg Gresvik, og med henne oppsto det retteleg søt musikk. Dei gifte seg i 1936, men det vart vanskeleg for dei to kunstnarsjelene å få samlivet til å fungere, og ekteskapet var over i 1939.

I trettiåra hadde norrøn mytologi og dikting ein brei plass i Tveitt sin musikk. I tillegg til å tonesette gamalnorske tekstar, greip han fatt i norrøne sagn og myter, og komponerte større verk over slike, t.d. ballettane Baldurs draumar og Birgingu, og operaen Dragaredokko.

Det fyrste store sceneverket hans, balletten Baldurs draumar, var fyrst skrive for klaver og framført i Leipzig, Berlin og Oslo. Deretter vart det instrumentert for orkester, og framført i Paris og dei skandinaviske landa. Ballettsjefen i Covent Garden ville gjerne setje opp Baldurs draumar, og komponisten sende partitur og skisser til London i 1939. Her vart notane øydelagde i eit bombeangrep, og sjølv om han freista å rekonstruere balletten, vart han aldri heilt nøgd med resultatet.

I 1940 vart Geirr Tveitt oppnemnt som formann for ”Det midlertidige konsultative råds musikkgruppe”, men medan dei andre i rådet trakk seg, heldt Tveitt fram som Statens musikkonsulent fram til 1942. Dette skulle vise seg å få vere eit fatalt feilsteg av Tveitt, for feilaktig nok vart dette oppfatta som om han sympatiserte med den sitjande regjeringa, og ombodet fekk difor langvarige negative fylgjer for komponisten og konsertverksemda hans.

Attende til Hardanger

På føresommaren 1941 flytte Geirr Tveitt attende til Hardanger, og det var ikkje berre lengten etter ættestaden som var årsaka til at han busette seg på slektsgarden. I okkupasjonstida var det lettare å bu på landsbygda, og sidan han ikkje lenger korkje ville opptre eller la musikken sin verte framførd, hadde han lite i Oslo å gjere. På slektsgarden Tveit bygde han seg hytte på ein teig som låg vanskeleg tilgjengeleg oppe i ei li. Geirr kalla plassen Bjødnabrakane, og jamvel to flygel fekk han frakta opp her.

I påska 1944 trefte han Karen Margrethe Berg-Olsen (Tullemor). Faren hennar var skipsmeklar og styreformann i Harmonien, og hadde invitert Geirr til landstaden på Os. Geirr vart svært begeistra for Tullemor, og allereie i slutten av juli same år vart det giftarmål. Saman overtok dei gardsdrifta på Tveit, og fekk borna Gyri og Haoko.

I teorien kunne Geirr alt om gardsdrift, men han fann det vanskeleg å få tid til alt som skulle gjerast. Han var rett nok hendig, men gardsarbeidet gjekk hardt utover pianistfingrane. Men om det skorta på tid, var ingenting i vegen med fantasien, noko som til tider resulterte i ukonvensjonelle metodar:

”Ein gong ein ver sleit seg og gjorde uskil, spekulerte husbonden ut ein finurleg straff for syndaren. To bjøller klang i hop med ein skjerande dissonans, like ille som summen av Schönberg og Valen. Desse bjøllene hengde han på veren. Verre straff enn å vandra rundt med denne bjølledissonansen kunne ikkje Geirr tenkja seg” (Storaas 1990 s. 163)

Det viste seg tungvint å bu i Bjødnabrakane, så etter nokre år bygde dei nytt hus rundt gamlestova på Tveit og flytte ned i denne. Det vart også vanskeleg for Tveitt å få tid til både komponistarbeidet og gardsadministrasjonen, så etter kvart pakta dei vekk gardsdrifta.

Geirr Tveitt
Fotograf/rettigheter: Vikøyr/Kvam herad

 

Hardingtonar

Mot slutten av krigen drog Geirr Tveitt omkring i Hardangerbygdene og teikna ned over 1000 folketonar. Dei fleste av folketonane fann han på fire gardar ikkje så langt frå Tveit, og nokre fann han jamvel heime; mellom anna vart Velkomne med æra oppskriven etter Aagot Tveit på Tveit.

Tveitt let tonane stå så nær opp til originalen som mogeleg. Mange av tonane omarbeidde han ikkje i særleg grad, medan andre vart utvida og arrangerte. Medan til dømes Grieg og Halvorsen i større grad romantiserte folketonane dei tok tak i, presenterte Tveitt folketonematerialet slik det var. Dei fyrste omarbeidingane gjorde Tveitt for klaver, og desse vart gjevne ut som Femti folkatonar frao Hardanger, op. 150. Seinare vart dei instrumenterte for orkester, og i dag eksisterar seksti stykke frå orkestersuitane Hundrad Hardingtonar for orkester, op. 151.

Etterkrigstida

Under krigen etablerte Geirr Tveitt seg som ein av våre fremste komponistar, men trass i den store og allsidige produksjonen, var det i denne perioden lite pengar å tene på komponeringa. Han hadde store mengder nyskapt musikk som han ville få framført, men det var lita von om å få dette til i Noreg. Utanlands hausta han derimot stor åtgaum, og han livnærde seg i åra etter krigen som pianist og dirigent i utlandet. I tillegg til eigne verk spela han mellom anna Grieg, Chopin og Liszt, og han reiste på lange turnear. Ikkje berre drog han til storbyar som London og Paris, jamvel oasar i Sahara vart vitja! Men etter ein konsert i Paris, der ein febersjuk og sterkt redusert Tveitt framførde Brahms B-dur-konsert til piping frå publikum, slutta han tvert å gje konsertar utanlands.

Samarbeid med NRK

Då han slutta som konsertpianist i 1954, vart økonomien betydeleg skralare. Rett nok fekk han kunstnarløn frå 1958, men han var nokså uvørden med pengar, og hadde konstant dårleg økonomi. Redninga kom då han i 60-åra fekk oppdrag av NRK. Han hadde også tidlegare samarbeidd med NRK, allereie i 1936 fekk han førespurnad om å lage eit høyrespel, eit Jonsokspel over Hans H. Holm sitt lyriske epos Jonsoknatt. Også i 1954 vart han kontakta av NRK, då for å gjere opptak av nokre av kjeldene han hadde nytta i innsamlinga av folketonane i Hardanger.

Men no kom det større oppdrag. Det første som programleiar for Landskappleiken i 1961, og seinare same året fekk han ei lita stilling i NRK. I 1963 vart han konsulent på kontrakt, og pendla frå Norheimsund til Oslo. Han skulle lage radioprogram der han tonesette dikt av vestlandsforfattarar. Sjølv om han tidlegare hadde sagt at han var ferdig med Oslo, flytte han attende for godt i 1967. Han fekk etterkvart kontorplass på Notearkivet til NRK, og der hadde han sitt arbeidssete fram til Torolf Elster vart ny kringkastingssjef.

Tveitt-viser

Tveitt laga fleire hundre viser desse åra, og dei fyrste var til dikt av Ivar Orgland, Ragnvald Vaage, Aslaug Låstad Lygre og Olav H. Hauge. Ulike utøverar fekk i oppdrag å spele inn tonane, mellom anna song Alf Cranner Vi skal ikkje sova burt sumarnatta til tekst av Aslaug Låstad Lygre. Saman med So rodde dei fjordan av Aslaug Vaa og Jakob Sande sin Fløytelåt er denne mellom dei mest kjende av Tveitt-visene. Fleire av visene hans kom på Norsktoppen, mellom anna Natta, Gunnar og bjørka. Til og med på jukeboxar fann ein Tveitt-viser: ”Det er heilt forjævlig, med det er no gøy òg” sa Tveitt (Storaas 1990 s. 258)

Geirr Tveitt og Olav H. Hauge

Av alle diktarane Tveitt møtte og tonesette dikta til, var Olav H. Hauge ein av dei han sette høgast. Dei to kunstnarane møttes for fyrste gong i 60-åra, og det var ei gjensidig ovundring mellom diktar og komponist. Medan Hauge tykte at Tveitt si tonesetjing til dikta hans var den beste, sa Tveitt om Hauge at ”det er klangar og det er fargar i Olav H. Hauge sine dikt, […] han er ein forlokkande lyrikar å setja tonar til” (Storaas 1990 s. 260). Tveitt sa sjølv at han hadde laga ”haugevis av Haugetonar”, men diktaren såg manuskripta til, og høyrde berre ti av desse framførde. I dag eksisterar berre åtte av songane.

Brannen

Natt til 12. juli 1970 råka ei ufatteleg tragedie Geirr Tveitt. Huset på Tveit brann ned til grunnen, og utfallet var katastrofalt. Store delar av Tveitt sitt livsverk gjekk tapt. Mesteparten av manuskripta hans, den verdifulle bok- og musikksamlinga, antikvitetar som fylgde slektsgarden; alt forsvann i brannen. I fylgje han sjølve, gjekk 90 % av det han hadde komponert med i brannen. Norsk musikksamling hadde oppmoda han om å flytte manuskripta til ein trygg plass, men så langt kom han aldri.

Brannen gav Tveitt ein alvorleg knekk, og skaparevna vart aldri den same igjen. Han var mykje sjuk dei seinare åra, og tidvis sleit han med alkoholen. Han døydde 1. februar 1981 i Oslo, og ligg gravlagd på Vikøy kyrkjegard i Kvam.

Ein del av det Tveitt rekna for å vere tapt, har likevel vist seg å eksistere. Stykke han hadde gitt vekk eller sendt til nokon, har dukka opp igjen. I den seinare tid har også nokre av stykka hans vorte rekonstruerte. Til dømes fann sonen Haoko det sundrivne manuskriptet til Prillar i ein koffert etter at faren var død, og dette vart rekonstruert og komplettert av Jon Øivind Næss i 1992. Vidare vart tre stykke frå Baldurs draumar i 1999 rekonstruert som Solgud-symfonien av Kaare Dyvik Husby.

Tekstansvarlig: Anne Merete Hegrenes, Musikkavdelingen

©Bergen off. bibliotek

 

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt