SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Parkinson-året 2007

Me vassar i jubileum om dagen. Ikkje før er me ferdige med Ibsen, så er det Griegs tur. Dei store får sitt – og det er vel som det skal vere.

Eg er ein stor fan av Grieg, det er ikkje det. Men i 2007 skal eg også markere eit anna, noko mindre jubileum. Eit jubileum eg strengt teke ikkje veit om det finst andre som hugsar på, og som eg eigentleg kom over på rein slump. Då eg i jula las opp at ei av dei absolutte favorittbøkene mine, C. Northcote Parkinsons Parkinson’s Law, kom eg til å oppdage – på kolofonsida, heiter det visst – at den vesle, store boka blei utgjeven fyrste gong i 1957. Kort sagt: Den definitive guiden til all absurditeten i arbeidslivet fyller femti år.

Parkinsons lov

Sjølve lova som ber namnet til forfattaren er kjend for dei fleste – ikkje minst av di Gudmund Hernes i si tid presenterte hoParkinsons lov for den norske ålmenta i boka Hvorfor alt går galt. Den seier ganske enkelt at ”alle arbeid fyller den tida som er til disposisjon”, ei grunninnsikt som i det praktiske livet materialiserer seg som stadig meir byråkrati. Seinare lover som at ”utgiftene stig til inntekstnivået” eller at ”ekspansjon tyder kompleksitet og kompleksitet tyder forfall” gjer ikkje saka stort betre.

Med nydeleg britisk flegma krydrar historikaren, journalisten, læraren og målaren Parkinson teksten med ein rad døme frå den britiske røynda – eksempel som har fått klassikarstatus. Me får mellom anna vite at administrasjonen til den britiske marinen voks dramatisk i fyrste halvpart av mellomkrigstida, alt medan talet på krigsskip blei redusert med to tredjedelar. Og at Colonial Office blei bygd kraftig ut etter den andre verdskrigen, då det blei stadig færre britiske koloniar å administrere. For Parkinson var byråkratiet eit slag overhistorisk fenomen, dømt til evig vekst og heva over alle menneskelege freistnader på avgrensing.

Framstegstrua

Hvorfor galt går verre; flere lover for det moderne menneskeMen Parkinson bør slett ikkje lesast berre som ein banal kritikk av ein forvaksen stat. Bakom dei sviande sarkasmane ligg ein meir grunnleggjande skepsis mot all overdriven framstegstru, anten det no gjeld den blinde tillita til rasjonaliteten i marknaden eller trua på store offentlege reformer, som Parkinson-formidlaren Gudmund Hernes underleg nok har vore ein sterk eksponent for. Samanhengen mellom intensjonar og resultat, middel og mål, er sjeldan så klar som moderne teknokratar og strategar føreset, medan rommet for uynskte følgjer synest grenselaust. Me veit alle kor han fører, den vegen som er brulagt med gode føremål.

Difor vel eg å markere starten på Parkinson-året med medynk, ikkje med optimisme. Tankane mine går – som det heiter no ved nyttår – til alle ofra for logikken til Parkinson, der me sit framfor dataskjermane våre og putlar med stadig nye utgreiingar, spørjeskjema, høyringsfråsegner, HMS-prosessar, marknadsundersøkingar, kvalitetskontrollar, komitéinnstillingar, strategiplanar og kva har du. Det er ikkje det at me ikkje arbeider – for det gjer me vel helst. Det er det at me arbeider med meir eller mindre meiningslause ting, stort sett heile tida. Og at me får selskap av stadig fleire som skal drive på med nett det same tullet.

Neppe nokon kur

For denne forma for Parkinsons sjukdom finst det neppe nokon kur. Men det ligg mykje god terapi i å plukke fram att den gamle boka og å humre litt over all toskeskapen.

Ha eit godt jubileumsår!

 

Bergen Off. Bibliotek har fått lov til å bruke denne teksten om Parkinson-året som første ble publisert i Dag og Tid 12. januar 2007. Teksten er gjengitt med tillatelse av forfatteren Sjur Holsen og Dag og Tid.

Sjur Holsen er rådgjevar i Formidlingsavdelinga ved Universitetet i Bergen

25.01.07