Mårpølse til pinnekjøttet – ein juletradisjon
Dette er ein juletradisjon
frå min familie, og oppskrifta er enkel, mårpølsa
skal dampe med pinnekjøttet den siste halve timen.
Uvitande som eg var, har eg
alltid levd i den trua at dette var noko alle på Nord-Vestlandet
brukte attåt pinnekjøttet. Men då eg ringde
produsenten for å kvalitetssikre dampetida, fekk eg til
mi store undring høyre at dette var heilt ukjent. Eg meinte
vel kokemår, sa den første. Kokemår? Det har
eg aldri høyrt om. Så vart eg sett over til ein pølseekspert.
Nei, dette var ukjent.
I fortviling ringde eg den
eldste systera. Jau då, det er speka mårpølse
vi brukar. Det er ein tradisjon vi førar vidare frå
familien til mamma. Den yngre systera sa det same, den skal vere
speka, dette er noko vi har med oss frå pappa sin familie.
Så er det kanskje ikkje
ein mattradisjon som så mange brukar, sjølv om eg
ikkje heilt trur at min familie er unik. Det må vel vere
andre enn eg og syskena mine som har slike sterke minner om dette,
kor mårpølsa berre er eit viktig element kring andre
barndomsminne. Om kvinnene i familien, som før kvar jul
samla seg for å steikje flatbrød og rulle dukar i
lag - kvit damask og broderte juledukar. Om sylvtyet som varleg
vart pakka ut av bomull og plast, og som vi barna måtte
vere med på å pusse. Om foreldre, som kanskje vart
leie av å skjære opp pølse til alle barna,
og sylvtyet som kanskje ikkje var det beste bitereiskapen. Om
pølsa, som er hard, som skvatt bortover bordet, og sette
stygge feitflekkar på reine og nyrulla dukar, først
frå den eine sin tallerkenen og så frå den andre.
Eg trur det er dette vi hugsar best, pølsa som alltid fauk
som ein rakett rundt omkring på det fint dekka julebordet.
Og pussig nok, har vi syskena
kvar for oss funne ei løysing på pølsehoppingsproblematikken.
Utan handbroderte dukar, og med bestikk meir teneleg for gjenstridige
pølser, har vi funne ut at pølsa kan haldast i handa.
Slik sikrar vi mårpølsa sin framtidige eksistens
som juletradisjon, mens vi samstundes kan nyte måltidet
i fred og ro. For å ete pinnekjøtt utan mårpølse,
det er ikkje eingong til å tenkje på.
Mårpølsa
er kanskje ikkje eit kjært barn for tida, men mange namn
har den – morrpølse, mårpølse og mørpølse.
Sjølv er eg van med mårpølse, og er glad for
det… Då er eg sikra at borna ein dag kjem og spør,
om mårpølse er laga av mår.
Tekstansvarlig: Sigrid
Furnes