Det blei ikkje jul uten heimelaga "kola"
Økonomiske tilstandar var årsak til at brus kom langt
ned på lista over nødvendige fødevarer i min
barndom. Men ei tante frå Lunner på austlandet kom
med denne oppskrifta som vart redningen for oss søtnosar.
Det er vel det ein kallar Ingefærøl, men det var
litt "fy" å servera øl til barn, så
derfor blei det kalla heimalaga kola. Ein bursdag fekk eg ei literflaske
for meg sjølv, den var farga med raud konditorfarge og
såg gamalrosa ut - heilt nydelig!!
Oppskrifta er som følger:
1 pk. heil ingefær
1 kopp humle (kjøpast på apotek eller vinhandel)
1 liter mørk sirup
1 kg. sukker
Dette kokast opp med litt vatn - 2 til 10 liter - i 15 min.
Speast ut med kaldt vatn til 25 l. - ca. 28 grader C.
Tilsett 50 gr. gjær, la stå i 12 timar - silast av.
Kok opp 2 kg. sukker i 2 l. vatn og avkjøl. Vil ein ha
meir farge tilsettast sukkerkulør. Bland alt saman og tapp
på flasker.
Etter 3-4 dagar er det ferdig til å drikka, det har danna
seg kolsyre som gjer ein brusande effekt og smaken er på
dette stadiet søt (litt for søt synast kanskje nokon).
Dersom det står lenge -
3 - 4 veker - blir det eit sterkt brygg som ikkje bør serverast
barn.
Tekstansvarlig: Mariann
Ahnell