SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Leseåret 2010

Agnes RavatnIkkje for å baksnakke andre bibliotek, men eg synest ikkje det lovar godt for Leseåret 2010 at Pisk- og gulrot-biblioteket i Asker kvar månad gjennom heile året loddar ut ein London-tur blant dei av biblioteksbrukarane som har orka å lese ei heil bok.

Agnes Ravatn, forfatter, 1. februar 2010

Kvifor les folk? Kva kan ein oppnå ved å lese bøker utanom å kanskje vinne ein tur til London?  ein lese for å leve eit fullverdig liv? Kva har vel ei bok nokon gong gjort for nokon? Kva går ein eigentleg glipp av dersom ein lar vere å lese bøker?

Slike spørsmål, og liknande, kan ein gjerne stille seg. Og ein må vere ærleg: det finst mange dårlege bøker. Og det finst mange dumme forfattarar. Det verste med å bli forfattar sjølv, var å møte andre forfattarar og oppdage kor dumme dei var. Og dette hadde eg ein liten mistanke om på førehand, for eg tenkte: dersom eg kan bli forfattar, kva slags opptakskrav er det eigentleg ein opererer med?!? Alt er ein variasjon over Groucho Marx’ berømte ord: ” I don't care to belong to any club that will have me as a member".

Eg har alltid vore motstandar av såkalla forfattarbesøk i det norske skuleverket, og meint at elevar ikkje har godt av å få sjå at forfattarar berre er vanlege folk. Men la oss likevel leggje alle desse motførestillingar til side, for det finst jo faktisk gode bøker i verda. Vakre, morosame, merkelege, triste bøker.

Kva leitar eg så etter, når eg er i biblioteket og skal finne ei bok eg har lyst til å lese? Eg kan ikkje underrapportere at eg, enkel som eg er, ofte går etter utsjånaden. Format, omslag, og ikkje minst: fasong. Eg er ingen storlesar. Ein kan ikkje ta sjansen på ei altfor tjukk bok. Kva om den viser seg å vere elendig. Då sit ein der, med 600 sider ein helst vil hive i peisen. Nei. 150 sider er nok. Det er passeleg. Ei bok på 150 sider kan ein ha i veska. Ei bok eg ofte har hatt i veska, er Doktor Glas, av Hjalmar Söderberg.

Den illusjonslause og sørgmodige doktor Glas er ein fin person å vere saman med, der han går rundt i dei ferietomme gatene i ein uendeleg varm Stockholmssommar ved starten av førre hundreår. Mig gick livet förbi, ser ut til å vere hans indre omkved, og det høyrest ikkje spesielt oppløftande ut, men det er nettopp oppløftande denne boka er, av ein eller annan grunn. Doktor Glas sit på kafé, les aviser og drikk limonade og samtalar med sine to venner Birck og Markel. Og heile tida tenkjer han på fru Helga, som har bede om hans hjelp til å bli kvitt sin motbydelege ektemann, pastor Gregorius.

Eg veit ikkje kva ein kan oppnå ved å lese denne boka. Og eg trur ikkje eg blei ein betre person av det. Men doktor Glas greidde å seie meg noko om mitt eige liv, som eg ikkje hadde greidd å formulere sjølv. Det er ikkje sikkert dette er kunnskap eg kan bruke til så mykje. Men eg vender stadig tilbake til denne boka, og det må det vere ein grunn til, utan at eg kjenner behov for å vite grunnen. Liv, jag förstår dig inte, som doktor Glas seier.

Oppdatert 01.02.2010

©Bergen. Off. Bibliotek

 

©Bergen. Off. Bibliotek