SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

Om livet og litteraturen

On the platform, reading
Foto: moriza

Eg er ikkje den første som påpeiker dette, og dersom ikkje verda går under i morgon vert eg heller ikkje den siste, men åstaden for lesinga kan ofte vere vel så viktig som objektet, litteraturen an sich, altså den konkrete teksten som utgjer grunnlaget for leseopplevinga.

Nils Henrik Smith, Husforfattar, 4. februar 2010

For mange vil det kanskje framstå som ein tvilsam hypotese, men for meg er det likevel eit faktum: minnet om lesnadens omgjevnader fungerer som ein kvalitetsindikator. Det er eit klart teikn på at romanen, novella, diktet etc. har gjort inntrykk, når lesaren mange år etterpå kan hugse kor han var, kvifor, kor han var på veg – konkret så vel som i metafysisk forstand – første gong han las den aktuelle teksten.

Eg hevdar vidare at hypotesen kan verifiserast – og at alle kan bidra til det: be lesande menneske du kjenner fortelje om den beste boka dei har lese, og dei vil nesten alltid svare med ei skildring av lesingas fysiske føresetnader.

Dei vil fortelje at dei las Lars Saabye Christensens Beatles på guterommet ein regnfull sommar: etterpå tok dei ned alle fotballstjerneplakatane og erstatta dei med rockestjerneplakatar. Dei vil fortelje at dei las Sara Stridsbergs Drömfakulteten om natta på ein psykiatrisk institusjon, og dei vil òg påpeike, som om det skulle finnast tvil, at dei var tilsette som nattevakter på den psykiatriske institusjonen. Dei vil fortelje at dei las Ragnar Hovlands Sveve over vatna heilt åleine på ein kald og trekkfull hybel i ein ny by, og at dei neste morgon, svært tidleg, utan påviseleg grunn og utan å skjøne kvifor, djupttenkjande, forlét hybelen og vandra tilsynelatande formålslaust og lenge omkring i den nye byens framande gater. Dei vil fortelje at dei las Edith Södergrans Fremtidens skugga medan dei venta utføre helsesysters kontor for å få sine første p-piller: etter ein kort pause vil dei så leggje til at dei, på det aktuelle tidspunktet, ikkje hadde nokon seksualpartner, men at dei ville ha p-piller likevel, og dei vil freiste å seie dette på ein ironisk måte, men du vil skjøne at dei ikkje eigentleg meiner det ironisk.
Lesing - i by
foto: Jsome1

Dei vil fortelje at dei las Tarjei Vesaas' Fuglane i ein park i Berlin eller Paris, og at dei som ein konsekvens av dette kom i snakk med ei japansk jente som, synte det seg, var superfan av Vesaas og hadde lese alt som var å finne av han både på japansk og engelsk, og som synst det var ekstremt fascinerande å treffe ein av forfattarens landsmenn i ein park i Berlin eller Paris, tilfeldig, på same måte som dei, dvs den som fortel, òg synst det var ekstremt fascinerande å treffe ei japansk jente, frå Kyoto, som hadde nytta store delar av sin ungdom, mellom skyskraparar, sushi-barar og supersoniske Shinkansen-tog, til å lese om og drøyme seg vekk til Tarjei Vesaas' tåketunge norske innlands-landskap, og at dei utveksla epostadresser og at den japanske jenta kort tid etter sende ein epost kor ho skreiv, entusiastisk, at ho hadde bestilt den polske filmatiseringa av Fuglane via Internett, men at dei, dvs den som fortel, aldri svara på denne eposten og etter kvart gløymte den japanske jenta og ikkje tenkte på henne før fleire år seinare, då den lenge forsvunne notatboka med namn og epostadresser til folk dei trefte den sommaren, på Interrail, tilfeldig dukka opp under ei flytting: dei vil fortelje at dei då freista å skrive til henne, men at dei ikkje fekk svar, og at dei difor gjekk ut frå at epostadressa ikkje lenger var aktiv, men at dei no, av og til, utan førevarsel, fell i tankar omkring den japanske jenta og undrast korleis ho har det, kor det vart av henne, kven ho er idag.

Kort sagt: du vil spørje dei kva dei har lese – dei vil fortelje deg korleis dei har levd. Ein kan difor spørje seg kvifor somme forfattarar – (eg nemner ikkje namn) – insisterer på at litteraturen skal handle om livet (dvs forfattarens eige liv). Ein god lesar kjenner nemleg både samanhengen mellom og skilnaden på livet og litteraturen.

Tekstansvarleg: Nils Henrik Smith, Galleri

Oppdatert 08.02.2010

©Bergen. Off. Bibliotek