SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2008

Stemmens kontinent
Cappelen

I dette lesetipset er det ikkje ei einskild bok som blir lyfta fram, men omsetjingsserien ”Stemmens kontinent” som Hanne Bramnes er redaktør for. Dette er gjendiktingar av internasjonale lyrikarar frå dette århundret. Bøkene er så små at ein lett kan finna dei innimellom større bøker i poesihylla. Kvar bok har sin eigen klare farge på omslaget og om ein opnar dei møter ein stemmer som elles ville vore utilgjengelege på vårt eige språk. Bramnes sjølv har gjendikta fleire, men ho har og med seg ei rekkje andre gode omsetjarar, blant anna Inger Elisabeth Hansen, Oddveig Klyve, Arild Vange og Tove Bakke.

Svimlande nær / Nicole Brossard
Tørketid/ Kamala Das
Den søvnløses sang / Marie Under


I dei 24 bøkene som til no finst i serien finn ein svært ulike forfattarar med alle slags nasjonalitetar. Dei blir født i til dømes Russland, Sør-Afrika, Palestina, Cuba, Portugal, Canada, Kurdistan, Estland og Tyskland. Og døyr av alderdom, i ei bilulukke, i ein konsentrasjonsleir, tek sitt eige liv eller lever ennå. Ein får korte innføringar i livet og diktinga deira i små, gode etterord, men fyrst og fremst er det deira eigen poesi bøkene viser oss. Poesien kan vera klare kjærleikserklæringar, voldsame kamprop, syngjande bøner og smertefulle meditasjonar. Og mange gongar finst det noko meir der som kan strekkja tankane våre i båe ender og utvida kjensleregisteret vårt.

Her finst ei lenkje til alle bøkene i serien.

Og med dette diktet frå palestinske Fadwa Tuqán si bok ”Aleine med dagane” sender eg ut ei oppfordring om å ta med ei av desse bøkene ut av biblioteket og opna ho under eit blømande tre.

Nok for meg

Det er nok for meg å døy på hennar jord,
og gravleggjast i henne,
nok å bli oppløyst og borte i denne molda,
Springa ut som ein blom,
og bli funnen av eit leikande barn.
Nok for meg å bli verande
i famnen til dette landet.
Å vera nær som ei handfull støv,
ein grastust,
ein blom.


Tekstansvarlig: Live Torvund , Hovedutlånet

©Bergen. Off. Bibliotek

Sist oppdatert 30. mai 2008

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS