SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2006

Claudia Schreiber

Emmas lykke

Ganesa, 2005

Emma er noko så uvanleg (i alle fall i litteraturen) som ein singel kvinneleg grisebonde langt ute på på den tyske landsbygda! Omgitt av skit og rot lever røffe Emma omgitt av sine kjære dyr mens ho drøymer om kjærleik og velstand.

Så skjer underet: ein Ferrari kræsjar like ved garden, og i vraket finn Emma ein bevisstlaus mann og ein pose full av amerikanske dollar - nok pengar til å redda garden hennar frå tvangsauksjon. Mannen, som viser seg å vera eit nevrotisk bymenneske med alvorleg kreftdiagnose, får sjokk når han vaknar naken i ei ukjent seng. Etter dette vendepunktet tar historien verkeleg av, og framkallar både latter og tårer hjå lesaren etter kvart som forholdet mellom Emma og Max utviklar seg. Den overraskande slutten skal ikkje røpast her – les heller boka!

Romanen er humoristisk, grovkorna og tragisk om kvarandre, og svært sanseleg! Ein lettlest, underhaldande og svært original kjærleiksroman som er blitt ein kjempesuksess i Tyskland. Den er no filma, og kjem på kino i løpet av 2006.

Sigrid Kvarekvål, Fana filial
sigridk@bergen.folkebibl.no

©Bergen. Off. Bibliotek

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS