SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2010


PUSHWAGNER
PUSHWAGNERS SOFT CITY

No Comprendo Press, 2008

PUSHWAGNERS SOFT CITY

ÅTVARING! Soft City kan forandre livet ditt! Eit glimt inn i Pushwagners underlege univers kan vere nok til å få deg til dømes til å avbryte studia, seie opp jobben, selje huset og/eller bilen og reise langt, langt, til ein stad du ikkje kjenner og kor ingen kjenner deg, og nytte den korte tida du har her på jorda til å gjere noko så provoserande lite produktivt som å nyte livet!

Soft City høyrer utan tvil til mellom dei mest særprega norske kunstverk gjennom alle tider. Denne nyskapande biletromanen skildrar det somme har kalla eit autopisk samfunn, kor alle handlingar og tankar er underlagt teknologien, automatiserte, menneskeleg åtferd vert kontrollert gjennom media og medisinar, og ikkje minst spelar bilen ei svært sentral rolle – heimefrå til kontoret, frå kontoret til supermarknaden, frå supermarknaden og heim: bilen er den teknologiske innrettinga som mogleggjer det autopiske samfunnet, men samstundes bidreg han óg til å gjere menneska ufrie, avhengige, ein kvar som nokon gong har sete fast i trafikken vil truleg kjenne seg att i Pushwagners skildring.

Terje Brofos (f. 1940 i Oslo) tok kunstnarnamnet Pushwagner i London på 1970-talet: han levde i mange år eit omflakkande og særs ustabilt liv, var heimlaus og rusavhengig, og i løpet av denne perioden forsvann kofferten med originalteikningane til Soft City. Kva hende? Ein teori går ut på at kunstnaren heilt enkelt gløymte manuskriptet i Stockholm, i båten til den mangeårige venen og samarbeidspartnaren Axel Jensen, kor han heldt til i ein lengre periode, men dette forklarer ikkje kvifor dei forsvann, og heller ikkje kvifor dei dukka opp att på eit loft i Oslo i 2002. Uansett: den lange og besynderlege tilblivingshistoria har bidrege til å gje både verk og kunstnar nærast mytologisk status.

Pushwagners livsverk generelt – og Soft City spesielt – vert gjerne omtala som pop art og sett i samband med den ikkje ukjende amerikanske kunstnaren Andy Warhol. Somme har óg nytta merkelappen «science-faction» for å karakterisere romanen: realisme og surrealisme, biletkunst og litteratur, satirisk samtidsskildring og dystopisk framtidsvisjon, Soft City er alt dette og mykje meir, eit gesammtkunstwerk av sjeldant format.


Lese meir om verket og kunstnaren?
Petter Mejlænder: Pushwagner (2008)

Likte du Soft City? Les óg:
Aldous Huxley: Brave New World (1932)
J.G. Ballard: Crash (1973)
Axel Jensen: Og resten står skrivd i stjernene (ill. Pushwagner) (1995)



Tekstansvarlig: Nils Henrik Smith, Hovedbiblioteket


Sist oppdatert 15.06.10


©Bergen. Off. Bibliotek

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS