SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2005

Mary Lawson

Ved bredden av Crow Lake

Gyldendal, 2003

Berre 7 år gammal opplever Kate det verste eit barn kan tenkja seg – begge foreldra døyr i ei bilulukke. Tilbake sit søskenflokken på fire og må takla livet som foreldrelause i eit lite samfunn i kanadiske Ontario. Dei eldste brørne bestemmer seg for å ta omsorga for småsøstrene, og takkar nei til å bli sendt til fjerne slektningar. Kate slit med skuldkjensle overfor brørne, som måtte gje opp draumen om utdanning for å halda familien saman.

Synsvinkelen vekslar mellom Kate som vaksen zoologiprofessor og som 7-åring i Crow Lake. Spenninga byggjer seg opp mot feiringa av nevøen sin 18-årsdag, der familien skal møtast att etter fleire år, og der uløyste gåter skal få svar.

Romanen er ei fin skildring av søskenkjærleik og sorg, om korleis ei dramatisk hending kan snu opp-ned på livet og framtidsdraumane.

 

Tekstansvarlig:
Sigrid Kvarekvål, Fana filial
sigridk@bergen.folkebibl.no

©Bergen. Off. Bibliotek

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS