|
|||||||||||||||||||||
LESETIPS 2009 - TIDSSKRIFT Det amerikanske tidsskriftet Juxtapoz har halde det gåande sida midten av 1990-talet, og har no funne vegen til biblioteket! Kunst og kultur er hovudinnhaldet, med fokus på uetablerte kunstnarar og ”pop surrealisme” eller ”lowbrow art”. Du finn alt mogleg som rører seg innan kunst, illustrasjonar, leiketøy, foto, gatekunst med meir. I februar-nummeret får me sjå Thomas Keeleys kunststykke, han lagar mykje objektorientert kunst, og likar å omforme daglegdagse gjenstandar til noko som får ei anna og overraskande tolkning. Ein annan kunstnar er Ryohei Hase frå Yokohama, han jobbar med illustrasjonar og måleri. Uttrykket hans er eksplosivt, og han brukar ofte dyr og menneske i bevegelse i bilda sine. Det er også bokomtalar i Juxtapoz, og i dette nummeret kan du mellom anna lese om filmmakeren/skribenten Harmony Korine sine samla fanziner, no utgjevne i bokform. Mars månad byr mellom anna på intervju med D*Face som held til i London og lagar forskjellige kunstverk. Store billboard-trykk, stickers og installasjonar er noko av det han har gjort dei siste åra, det kan du sjå og lese om her. Det er også ein artikkel om Dzine som har designa nokre eventyrlege syklar.
I mars-nummeret kan du lese om Trevor Paglen som har eit prosjekt han kallar ”The other night sky”. Det dreier seg om skjulte astronomiske objekt; nærare 200 amerikanske romfartøy som er tilstades rundt i atmosfæra. Du kan sjå fotografi frå prosjekta hans og lese meir om arbeidet hans. Ein annan artikkel tar for seg musikkvideoar, med bidrag frå regissørane Michel Gondry og E*Rock, samt kunstnarar som kinesiske Cao Fei og islandske Steina.
Juxtapox, Artforum og Lodown kan lånast med heim, men det aller siste nummeret er kun til bruk her i biblioteket, til me får neste nummer. God lesnad!
Sist oppdatert 23.03.09 Tekstansvarlig: Vibeke Garrod , avd. Hovedbiblioteket ©Bergen. Off. Bibliotek |
|
||||||||||||||||||||
|