SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2006

Tormod Haugland

I den sjette verda

Oktober, 2005

Etter debuten med romanen Under i 1994 har Tormod Haugland frå Radøy skrive åtte bøker og vore innom fleire sjangrar. I fjor haust kom romanen I den sjette verda. Boka startar med at eigedomsmeklaren Dankert Valden og makkaren Tryggve Karlsson kjem til ei lita bygd for å selja eit hus. Det viser seg at denne bygda er Valden si heimbygd, og at huset som skal seljast er nabohuset til Valden si ekskone. Det viser seg òg at Valden sin far akkurat er død, og at arven skal delast mellom søskena. Då Valden bestemmer seg for både å vinna kona og heimgarden tilbake ligg alt klart for ein roman full av situasjonskomikk og forviklingar.

Sjølve handlinga er enkel og går berre over litt meir enn eit døgn. Dialogar mellom Valden og dei han møter dominerar teksten. I tillegg får hovudpersonen sleppa til med lange og svært morosame monologar, som oftast med ei blanding av akademiske og filosofiske betraktingar som kolliderer med det folkelege bygdesamfunnet. Fleire passasjar er så prega av dialog at boka nærmar seg skodespelets form.

Valden er ein drøymar og har ei forkjærleik for det dramatiske. Han er ein romanfigur ein ikkje gløymer med det første og er i slekt med Hamsun sine figurar. I den sjette verda er ein roman full av intelligent humor og overdrivingar. Stil og tone bryt nokså kraftig med dei tidlege romanane til Haugland, men boka er ein fin introduksjon til forfattarskapen hans. Romanen Inkarnasjon frå 2004 er òg svært lesverdig.

Lenker

http://www.bergen.folkebibl.no/vestlandsforfattere/forfat/haugland.html

http://www.oktober.no/forfattere/forfattere/006f.html

Sist oppdatert 27.10.06

Tekstansvarlig: Agnes Ravatn, Utlånet og Galleri

©Bergen. Off. Bibliotek

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS