SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2004

Nikolaj Gogol

Petersburgnoveller

Cappelen 1973

Revisoren kjem, og Nasen forsvinn

Skodespel er ikkje den mest etterspurde sjangeren på biblioteket. Det kan vera eit slit med slike oppstykka tekstar der det einaste ein får, er det figurane seier, resten må ein laga seg sjølv. Av nøyaktig same grunn kan dei vera ein fryd å lesa. Ein får bestemma ganske mykje meir enn når ein les ein alminneleg roman. Dette stykket her er ein fryd også på andre måtar. Det dreier seg om Revisoren av Nikolaj Gogol.

Revisoren er ein forviklingskomedie frå den russiske landsbygda på 1800-talet. Lokale styresmakter får nyss om at dei sentrale styresmaktene vil senda ut ein revisor i skjul for å kontrollera drifta av riket. Då må sjølvsagt alt vera på stell, og alle som kan tenkjast å vera den keisarlege inspektøren, vert ytterst vel mottekne. Men så er det ikkje alle som ser ut til å vera revisor, som er det. Opptil fleire nyt ganske ufortent godt av trakteringa før forkledningane fell.

Dei som har for vane å verta reviderte, kan gjennom denne komedien le av seg sjølve, og dei som er heva over alle former for kontroll, kan rista på hovudet av tåpelege russarar og andre autoritetstru tullingar. Gogol sjølv skal ha hatt store ambisjonar med stykket. Det skulle føra til ei moralsk fornying for både sjel og samfunn. På hans tid førte Revisoren nok mest til latter og noko politisk forarging, men det er kanskje enno ikkje for seint for moralen?

Eit lite gullegg til medan me er inne på Gogol:
Nasen eller Næsen eller Nesen eller Le nez eller Nos eller The Nose, alt etter kva språk ein vel. Det er ei lita forteljing om ein nase som forsvinn. Historia er ofte lagd til rettes for barn, men også vaksne kan ha godt av å lesa om kor fælt det er å gå rundt naselaus.

Tekstansvarlig:
Toril Hjartåker Hauge. Landås filial

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS