SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2001

Enquist, Per Olov

"Livlegens besøk"

Gyldendal, 2001


 

Per Olov Enquist er fødd i Sverige i 1934.
Han har skrive ei rekkje romanar, men og dramatikk for scene og tv. I 1969 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for romanen "Legionærene". I 1999 fekk han Augustprisen for for beste svenske roman " Livlegens besøk."
"Livlegens besøk" er ein historisk roman, lagt til Danmark på 1760- talet. Det er historien om den sinnsjuke kong Christian 7., den unge dronninga Caroline Mathilde og den tyske livlegen Johann Friedrich Struensee.

I denne velskrivne romanen får vi eit godt innblikk i det politiske liv på 1700 talet Vi ser korleis det mektige hoffet "overstyrer" den unge kongen som er "utvalgt av Gud" Det er hjarteskjerande lesing når vi erfarar korleis det mektige hoffet oppdrog, eller rettare sagt plagar kongen frå tidleg barndom.
I 1768 blir Johann Friedrich Struensee tilsett som kongens livlege. Han behandlar kongen med respekt og varme. Struensee var godt kjend med opplysningstanken, og via den sinnsjuke kongen får han gjennomført fleire av ideane sine. Han gjennomfører radikale reformar som: forbud av tortur, avskaffing av stavnsbånd og innfører trykkefridom.
Dette er politiske reformer som gjer at han får fiendar blant adelen.
Det utviklar seg eit varmt forhold mellom Struensee og den unge dronninga Caroline Mathilde. Ho blir elskerinna hans og dei får ei dotter saman.
Fiendane sørger for at Struensee havnar på skafottet. Den unge dronninga vert landsforvist og får aldri sjå borna sine igjen.
Sjølv om Struensee berre fekk fire år ved hoffet, vart uttrykket "Struensees tid" snart eit begrep.
Anna Margreta Lunde, Hovedutlånet

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS