SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden

LESETIPS 2004

Joseph O’Connor
Star of the Sea
Secker & Warburg 2002

 

Irland, den fattige utkanten i Europa. Langvarig undertrykking frå engelske jordeigarar kombinert med sterk folkeauke i første halvdel av 1800-talet får katastrofale fylgjer då potetavlingane slår feil i 1845 og 1846. Over 1 million irar døyr av svolt mellom 1845 og 1850, like mange flyktar frå landet, dei fleste til Amerika og Australia.

I november 1847 legg skuta ”Star of the Sea” ut med hundervis av emigrantar om bord. Ribba for alt, likevel er dette dei sterke, dei heldige, dei som har overlevd. Mange har bukka under, dei svakare ligg att på kaien, og mange av dei om bord skal aldri komma fram til det lova landet på andre sida av Atlanterhavet.

Persongalleriet er stort og variert og alle ber med seg si tragedie. I sentrum for handlingane står lord Merredith, Mary Duane og Pius Mulvey, alle frå Connemara. Skildringane av godseigaren, tenestejenta og den kriminelle er sterotype, ja vel. Her er vonde barndomar, seksuelt misbruk, fattigdom, undertrykking og svolt opp og i mente, historier like tåredryppande som skillingsviser. Ballansegangen mellom det dramatiske og melodramatiske er hårfin, og forfattaren klarar ikkje alltid å halda seg på rett side. Likevel, O’Connor fortell så medrivande og engasjerande om denne djupt tragiske delen av irsk historie at det er vanskeleg å leggja boka bort. Slik kan ho minna om ”Engelen på det sjuende trinn” av Frank McCourt som skildrar livet i Irland og New York hundre år seinare.

O’Connor har valgt å gje boka eit dokumentaristisk preg, bygt opp som eit arbeid av den amerikanske journalisten Dixon, kombinert med utdrag frå kapteinen si loggbok, intervju med mannskap, utdrag frå samtidige amerikabrev, avisillustrasjonar og liknande. Forfattaren har inngåande kunnskapar om tida han skildrar, og av og til kan lysta til å visa fram kunnskapane komma litt i vegen for sjølve historiene. Boka ville tent på om forfattaren hadde teke bort nokre av bihistoriene og stramma inn handlingane.

Informasjon om bakgrunnen for og fylgjene av den store hungersnauden i Irland finn du m.a. her:

http://www.historyplace.com/worldhistory/famine/index.html

Tekstansvarlig: Eli Randmo, Hovedutlånet
eli@bergen.folkebibl.no

BERGEN
OFFENTLIGE BIBLIOTEK

LESETIPS