I
blant får ein lyst å insistera. Inger Bråtveit sin
debutroman ”Munn mot ein frosen fjord” gir meg ei slik klar
og tydeleg lyst. Fyrste gong eg las boka var det i ei lang rørsle.
Eg sat ved eit kafébord og følte at eg halvvegs gjekk
frivillig og halvvegs blei dytta inn i det språklege universet
den litle jenta i boka bygg opp. Det er ei lita jente med mørker
i armholene. I mørkret bur det to hundar som ikkje er til å
stola på. Det er ikkje mykje i jenta si verd som er til å
stola på. Men som lesar kan ein ikkje anna enn å stola på
ho og hennar forsøk på å skapa heilskap og ein eigen
logikk i det som er så tydeleg oppstykka og uforklarleg. For jenta
har ei bestemor som ikkje lenger hugsar, ei mor som et tablettar, ein
far som set ho på bussen til besteforeldra og ein svikefull fugl
som stikk med tunga. Også har ho ei syster som både er der
og ikkje er der.
Den dagen ved bordet kjente eg ei
kulde veksa i kroppen medan eg las og denne har vendt att når
eg les boka seinare. Som om ein la munnen mot ein frosen fjord. Nei,
ho varmar deg ikkje, men eg insisterar; møt boka, gå inn
i språket, inn i jenta si røynd. Eg trur det er viktig.
Eg er overtydd om at Bråtveit skapar noko her som ikkje skal gøymast
vekk, men som skal lesast og som ikkje blir gløymt . Det fester
seg inne i deg ein stad.
Og no etter fleire års
venting kjem det ei ny bok av forfattaren. ”Siss og Unn”
er venta utgitt i byrjinga av mai.
Tekstansvarlig:
Live Torvund, Galleri
©Bergen. Off.
Bibliotek
Sist oppdatert 4.
mars 2008