SØK
Om biblioteket
Tema Musikk Litteratur
Utstilling Edvard Grieg arkiv
Lesetips Lokalhistorie Vestlandsforfattere
Prosjekt For barn Ut i verden
Ludvig Eikaas

Sangen til Ludvig / Øystein Wingaard WolfLudvig Eikaas blei fødd i Jølster i 1920, men flytta tidleg til Oslo der han blei buande.  Han var gift med testilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908 – 2000).

Han debuterte på Statens høstutstilling i 1946 og har sidan den gong hatt ein viktig posisjon i norsk kunstliv. Ikkje berre har han sett viktige spor etter seg som utøvande kunstnar, men også som ideolog og lærar.  I 1970 blei han professor ved Statens kunstakademi og han var rektor ved same institusjon frå 1981 – 83.

Eikaas har jobba innanfor mange sjangrar og med ulike materialtypar.  Han har vore nyskapande innan både maleri, grafikk og skulptur og han har også jobba med konseptkunst og performance.  Som grafikar er det særleg tresnittet han har jobba med.

Som ung student i Oslo møtte han m.a. Gunnar S. Gundersen og Odd Tandberg,  som også studerte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.  Saman med Knut Rumohr, Jakob Weidemann, Inger Sitter m.fl. kom desse til å prega mykje av kunstlivet på 50-talet, der det nonfigurative maleriet vaks fram.  Påverka av nye straumar i Europa stod desse fram med eit kunstsyn som utfordra det tradisjonelle, og heftige debattar oppstod rundt utstillingane til desse pionerane innan modernismen.

Tresnitt / Ludvig Eikaas Sjølv om Eikaas var radikal modernist med vekt på det nonfigurative, vende han tilbake til det figurative, men gjerne i abstrahert form.  Både stilleben og interiør opptok han, men også etter kvart vestlandsnaturen.  Både heimstaden Jølster og Tysnes, der han hadde arva eit småbruk, blei motiv i biletkunsten hans.

Portrettet skulle på 60-talet koma til å prega Ludvig Eikaas sin kunst, og han gjorde sjølvportrettet til ein viktig del av sitt ”image”.  I sjølvportretta viser han både humor og sjølvironi, og spelar litt på myten som genial bygdeoriginal. 

Det mest kjende sjølvportrettet er ”Jeg” frå 1970.  Dette viser ikkje til den fysiske Eikaas, men består av svarte horisontale liner over eit lerret, der det med barnsleg ”skjønnskrift” står ”Jeg”.  Iflg. Eikaas sjølv er dette den kortaste sjølvbiografien som nokon gong er skriven.

Ludvig Eikaas / Jan Otto JohansenOgså familiemedlemmer, venner og kunstnarkollegaer blei portretterte av Eikaas – ikkje berre i grafikk og maleri, men også i skulptur.  Nye materialtypar blei utforska, og både isopor, pappmasjé på ståltråd, stål og pleksiglas blei brukt i skulpturane. 

På 70-talet var fleire sentrale kunstnarar opptekne av den politiske situasjonen i verda.  EF-strid, opprustning, miljøvern og Vietnamkrigen var saker som opptok mange, og Ludvig Eikaas var blant dei som brukte politiske motiv i kunsten.

I tillegg til å vera ein nyskapande og markant biletkunstnar, var Ludvig Eikaas også ein habil hardingfelespelar.  Han gløymde aldri røtene sine i Sunnfjord, og i 1994 opna Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster for å kunna hysa den store kunstsamlinga han gav heimkommunen.

Kongens sendebud /  Kapstad, Anne Cecilie
Portrett av Ludvig Eikaas
Streif omkring Ludvig Eikaas / Per Arneberg


Ludvig Eikaas: utstillingskatalog  /  Bergen kunstmuseum
Lenker:
Eikaasgalleriet
Retrospektiv utstilling i Bergen kunstmuseum
Om Ludvig Eikaas i Store norske leksikon
Om Ludvig Eikaas på wikipedia

På Bergen Off. Bibliotek:
Bøker illustrert av Ludvig Eikaas
Bøker om Ludvig Eikaas

 

 

Tekstansvarlig: Sigrid Kvarekvål, Fana filial